Tveite Gard selger ferskt kjøtt og foredler kjøtt av egne villsau og Mangalitsasvin/ Ullgris!
Velkommen til Tveite Gard!
Tveite Gard ligg i Voss kommune, i nærheita av Stalheim ved “inngangsporten” til Nærøydalen som er på Unescos verdensarv liste.
Garden ligg på ca 450 m.o.h, og er ein “typisk” vestlandsgard. Akkurat passe stor og akkurat passe bratt!
Gården har vært lenge i slekta og drives i dag av Anders Handal Tveite, Cecilie Johnsen Tveite og dattera Emilie.
Anders er utdanna kokk i Frankrike, og har jobba på fleire vel renomerte restaurantar både i Norge og Frankrike, bla. hjå familien Coutenceau i La Rochelle og Le Canard i Oslo.
Cecilie har bachler i Hotel Management fra Hotellhøgskolen i Stavanger og ledererfaring fra blant anna Nordkapphallen og Flåmsbrygga!
Den tradisjonelle gardsdrifta er sjølve kjerna i alt me driv med på Tveite Gard. Om det er foredling, catering eller annet.
På garden har me pr i dag sau og høns, og om sommeren har me griser som får vera ute og kose seg i marka.
Me ynskjer at alle dyra våre skal trives, og ha det best mogeleg den tida dei er her på garden!
Derfor brukar vi også mykje tid på dei!
Det er ikkje berre mat som er viktig for dyras trivsel, det er også svært viktig med godt innemiljø, renslighet, og mental stimuli.
Me streber etter å gi våre dyr de beste livsvilkår!
Våre produkter er i hovedsak fra våre egne dyr , og er produsert etter gamle oppskrifter og tradisjonar. Me har bygd helt nytt foredlingslokale på garden som inneheld kjøkken, tørkeloft, kjølelager og eldhus
Me produserar og foredlar to ulike “typar” sau, me har den tradisjonelle Norsk kvit sau og villsau.
I samband med slakte tilbyr me ferskt kjøt i tida fra oktober til det nærmer seg jul.
Som for de fleste matprodusentar er jol ei viktig høgtid, også for oss.
Då produserar me pinnakjøtt, både røykt og urøykt, vi har sylteflesk, rullepølse og ellers det som høyrer jola til!
Heile året lager me blant anna spekemat, bacon og ulike typar korv og pølser som haustar stor applaus.
Tradisjon er stikkord for oss! Alle våre varer er produsert med “gamle” produksjonsteknikkar og for hand! Me tilset ikkje for mykje vatn eller konserveringsmidlar.
Våre varer er tørrsalta, då me meiner dette gjer det beste resultatet. Alt som vert røykt blir røykt med orreved, henta i eigen skog. Dette i tråd med tradisjonen på Voss!
Det er også viktig å nevne at alle våre dyr blir slakta på eit lokalt gardsslakteri på Voss, Selheim Gardsslakteri. Me køyrer sjølv dyra den korte avstanden till gardsslakteriet når dei er klar. Dette minkar stresset for dyra, noko som ein merkar på kvaliteten.
Me prøver stadig ut nye produkter for å utnytte våre areal og de ulike sesongane best mulig.
Nytt i 2013 er at me også ynskjer å kunne tilby ferske grønnsaker og urter, samt ulike sortar bær dyrka utan bruk av sprøytemidlar.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler