Verdas flottaste familiefestival i sjøkanten! Nominert til finalist i kåringa av Årets Festival 2015!
Tysnesfest vart starta i 2007 av ein kompisgjeng som hadde eit ynskje om å skapa stolheit, identitet og samhald i kommunen.
Første året vart det selt 4500 billetter, og festivalen har vakse jamt og trutt til rekordåret 2016 med heile 27 700 selde billettar.
Publikummet til Tysnesfest er frå «heile verden» men majoriteten kjem nok frå Vestlandet.
Tysnesfest ynskjer å begeistra eit publikum i alle aldrar. Programmet skal vera samansett slik at alle finn ulike aktivitetar og
opplevingar dei set pris på.
Me ynskjer å nytta heile den vakre kommunen vår som arena, noko me har vist dei siste åra ved å ha konsertar blant anna i
historiske Onarheim Kyrkje, på toppen av Såto vårt høgaste fjell, idylliske Kjeviko i Uggdal og fleire andre
stader rundt på øya. Me har aktivitet på 12 forskjellige arenaer i snitt kvart år.
Tysnesfest har vald selskapsforma stifting for å synliggjera at Tysnesfest ikkje har kommersielle tankar. Ideologien vår er å
skapa noko som bidreg positivt for Tysnes-samfunnet.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler