Ulstein Fjernvarme leverer fornybar fjernvarme og fjernkjøling i byen Ulsteinvik på Søre Sunnmøre. Kundane er både private og offentlege.
Ulsteinvik er eit samfunn som har sin eksistens slik det er i dag mykje takka vere sjø og hav. Industrien har vakse fram ut av nærleik til sjø og hav. Samfunnet har vekse og fått eit renommé i den store vide verda der kvalitet og innovasjon stend i fokus. Dette bur i sjela til ein Ulsteinvikar. I denne miljøsatsinga som Ulstein Fjernvarme no gjer knyter vi hav til land. Dette slik at havets termiske energi kjem til nytte – for samtid og framtid!
"Ulstein Fjernvarme pumpar store mengder med sjøvatn frå djupna ute i fjorden og inn til land. Der vert energien overført til landnettet som er ferskvatn. På land vert vatnet pumpa rundt i byen i to sløyfer, ei mot aust og ei mot vest. Begge med forgreiningar undervegs i traseen. Ute i anlegget er det lokale energisentralar som nyttar varmepumpeteknologi. Vi kan tilby både varme og kjøling. Etter energisentral står kundesentral, som i praksis er bindeleddet mellom Ulstein Fjernvarme og kunde."Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler