facebooktwitterpinterest

Anmeldelser, kontaktinformasjon for Ulvestad barneskule

Ulvestad barneskule

Info

Ulvestad barneskule er ein privatskule som ligg vakkert til på Lauvstad i Volda kommune.
Den er gratis og open for alle!
Du finn oss på www.skulen.no

Historie

Bur de i Vanylven, Volda eller Ørsta? Alle kan søkje seg til oss, og det er gratis! Det er kun betaling for SFO dersom ein treng det.

Elevane får også gratis og trygg skuleskyss etter reglar for private skular (spesifisert på heimesida).
Frå Volda vil dei ha tilsyn av vaksne på ferja.

Elevane får gratis skulefrukt kvar dag og eit varmt måltid ein gong i veka.

Med oss får alle frå 1.-7. klasse får gratis leksehjelp. Dette vert utført av høgt kvalifisert personale.

Vi har SFO som er open for alle årstrinna, 1.-7.klasse! Prisane er dei same som kommunale satsar. Dei kan også få tid og hjelp til lekser her om ein ynskjer det. SFO er open kvar dag frå kl. 07.00 til skulestart, og frå skuleslutt til kl. 17.00.

Undervisnnga startar kl. 08.40 og er difor godt tilpassa tilreisande elevar frå både Vanylven og Volda.

Besøk gjerne heimesida vår www.skulen.no for meir informasjon og søknadsskjema. Eller ring oss på 70055233 dersom du lurer på noko.

Vår oppgave

Vi er og skal vere eit svært godt alternativ til den offentlege skulen. Skulen er tufta på tradisjonelle, kristne verdiar, der vi legg stor vekt på praktisk retta undervisninga. Dette vert ofte gjort i nært samarbeid med lokale krefter. Mellom anna er dette innan landbruk, fiske, jakt, innhausting og matlaging. Vi nyttar vår eigen lavvo, gapahukar og den flotte naturen rundt oss elles.

Skulen jobbar aktivt for at alle, uansett sosial, kulturell og religiøs bakgrunn, skal møte kvarandre med openheit, respekt og toleranse.



"Ulvestad barneskule er ein privat barneskule på Lauvstad i Volda kommune."
Adresse: Haugevegen 12, 6133 Lauvstad, More Og Romsdal, Norway
Telefonnummer: 700 55 233
on.neluks@tsop
By: Lauvstad
Rute: Haugevegen 12
Postnummer: 6133


Kommenter på dette stedet

Legg til dette kortet på nettstedet ditt;



Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler