
Ulvik folkebibliotek ligg sentralt i Ulvik. Du er hjarteleg velkomen, anten du vil låne bøker, få digital rettleiing eller lese dagferske aviser.
På biblioteket finn du eit rikt utval av fag- og skjønnlitteratur, bøker for barn, ungdom og vaksne. Me tilbyr lydbøker, tidsskrift, aviseog DVD-filmar. Her kan du også nytta studierom og møterom eller lena deg attende i ein av våre gode lenestolar med ei bok i fanget.
Bøker, lydbøker og tidsskriftartiklar biblioteket ikkje har sjølv, kan skaffast frå andre bibliotek når de ikkje finn det hjå oss, og me kan reservera bøker o.a. som er utlånt og gje beskjed når dei er tilgjengelege.
Alle lån på biblioteket er gratis. Bortkomne eller skadde bøker og anna må erstattast. Ein må heller ikkje låne vidare bøker ein har lånt på biblioteket.
I katalogen kan ein søkja og reservera bøker og filmar. :http://websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/default.aspx?db=ulvik-fb&unit=6471
Dersom du loggar deg inn, får du oversikt over alle låna dine, som du og kan fornya.
Det er tilgang til trådlaust nettverk på biblioteket. Ein kan ta med sin eigen PC og nytta internett gratis.
Interessert i filosofi, livssyn og lyrikk? Då må du ta turen innom på Filosofisk onsdag ein gong i månaden. Følg med her på sida vår for oppdatert informasjon.
Ulvik Folkebibliotek samarbeider med Voss og Hardangerbiblioteka om tilskiping av litteraturkveldar, føredrag og borneframsyningar. Biblioteket har også eit tett samarbeid med Hauge-senteret i Ulvik.
Velkomen innom!
Theresa Wallevik,
- Biblioteksjef
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler