Ungdomsseksjonen ved Bergen sentrum politistasjon dekker bydelane Bergenhus, Årstad og Indre Laksevåg. Me held til i politihuset i Allehelgensgate 6.
Facebook-regler
1. Om du treng akutt hjelp, ring tlf. 112. Ikkje bruk denne sida, ettersom politiet ikkje fyl med døgnet rundt. Me vil prøve å svara på alle spørsmål innen 24 timer.
2. Du er velkomen til å stille spørsmål eller kommentere på veggen vår. Hugs at DU er ansvarleg for innhaldet i veggmeldingar og kommentarar du publiserer.
3. Respekter dine meddebattantar, også dei som er ueinige med deg. Truslar, stygge ord, kallenavn, banning og personangrep blir ikkje akseptert.
4. Innlegg og kommentarar som kan medføre straffeansvar, er ærekrenkjande, rasistisk, trugande, usømeleg eller på anna måte er i strid med norsk lov, vil bli sletta og vurdert anmeldt. Gjentekne overtramp vil leia til utestenging.
5. Diskuter sak, ikkje person. Prøv å halde deg til tema som er relevant for Bergen sentrum politistasjon.
6. Respekter at politiet ikkje kan diskutera, kommentera eller svara på spørsmål om pågåande eller avslutta straffesaker eller operative hendingar. Meldingar som gjev opplysninger om, eller identifiserer partar i slike saker, vil bli sletta.
7. Kommenter veggmeldingar ved å leggje inn kommentar under innlegg, og ikkje med ein ny veggmelding.
8. "Spamming" blir ikkje akseptert.
9. Lenkjer til nettsider med innhold av grov karakter, eller lenkjer som ikkje er relevant for politiet, blir sletta.
10. Innlegg skal skrivast på skandinavisk eller engelsk.
11. Politiet driv ikkje ordinær sakshandsaming på Facebook. Ta eventuelt kontakt på annan måte.
12. Du kan ikkje anmelde noko eller nokon på Facebook. Enkle anmeldingar kan du innmelde på www.politi.no. Møt elles opp på nærmaste politi/lensmannskontor. Tips til politiet kan sendast via www.politi.no/tjenester/tips_politiet, eller ring 02800.
13. Politiet føreheld seg retten til å justere desse reglane ettersom det blir vurdert naudsynt.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler