Utekontakten på Stord er ei kommunal teneste for ungdom og unge vaksne mellom 13 og 23 år. Me er ute der ungdom er, eller inne i ståva. -Me e her for deg!
Du treff oss på kontora eller i ståva vår, eller på skulane, i sentrum, på fritidsklubbane eller andre stader der ungdom er. Du kan spør oss om alt, og om me ikkje veit svaret vil me hjelpa deg å finna ut av det saman med deg. Me har teieplikt. Du treng ikkje "bestilla time", eller ha noko veldig alvorleg på hjarta for å få prata med oss, me vil uansett finna tid til å snakkast. Enten på telefon, på kontoret, på tur i skauen, på skulen eller heima hos deg. Ta kontakt, så avtalar me! :-)
Når me har open ståva kan du komma innom utan avtale, slå av ein prat, spela spel, eller berre vera. Mandagar og tysdagar klokka 14-15.30, og torsdagar på ettermiddagen: klokka 15-19. Følg med på veggen for oppdateringar og endringar på opningtidene!
Open Stove er drop-in tilbodet vårt. Stova er open måndag/tysdag kl 14.00-15.30 og Tordag kl 15.00-19.00. Utanom desse tidene er me tilgjengeleg på telefon og for avtalar.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler