facebooktwitterpinterest

Anmeldelser, kontaktinformasjon for Uvik Gard

Uvik Gard

Info

Smakfullt storfekjøt frå grasfôra ammekyr. Kortreist, lokalt, historisk og berekraftig!

Historie

I 2016 overtok trettande generasjon garden Uvik på Augvaldsnes og starta med ammekyr. Sidan 1614 har garden vore i slekta si eige. I moderne tid har både garden og folka formelt sett fått namnet Utvik, men frå gamalt av heitte her Uvik.

Garden ligg på historisk grunn på slettene rundt dei sagnomsuste gravhaugane på Reheia, som vart reiste for om lag 3500 år sidan. Her stod slaget mellom Håkon den Gode og sønene til Eirik Blodøks i år 954, og i dag beiter våre kyr og kalvar i deira fotspor.

Trivsel for dyra og berekraftig drift av jorda er viktige verdiar for oss. Kyrne våre kalvar på våren, og det blir lagt til rette for så lang tid som mogleg på beite i sommarhalvåret. Kalven går saman med mora og drikk mjølk på naturleg vis i om lag eit halvt år. Oksekalvane vert i hovudsak selde på hausten til sluttforing på andre gardsbruk. Kvigekalvane blir verande på Uvik for å vekse opp til nye ammekyr.

Me gjer alltid vårt beste for at kyrne våre skal få eit så langt og godt liv som mogleg. Likevel må det alltid slaktast ut enkeltdyr av ulike grunnar. Når me slaktar ei ku, ynskjer me å tilby kvalitetskjøt som er kortreist, lokalt, historisk og berekraftig!

Kukjøt er ei prima råvare av mange grunnar:
Ei ku veks seinare enn ein okse, og får med det eit møyrare kjøt.
Medan oksen vert slakta så snart han er ferdig med den raske vekstfasen (ca 18 mnd), får kua ofte leve vidare i mange år. I desse vaksenåra legg ho på seg fett inne i muskelfibrane, noko som viser seg som marmorering - kvite fettavleiringar i kjøtet. Dette gjer eit ekstra møyrt og smakfullt kjøt.
Ammekua har dessutan fått minimalt med kraftfôr gjennom livet - tilnærma ingenting etter at ho blir 2 år. Dette betyr at kjøtet er produsert i all hovudsak på lokale ressusar - gras og beite. I tillegg får kjøtet eit høgare innhald av omega 3 - dei sunne feittsyrene.

Kyrne våre er krysningar av ulike rasar, med størst del av den sveitsiske rasen kjøttsimmental. Kjøper du kjøt av oss, får du vite alder på dyret, samansetning av rase, og kor mange veker det fekk på beite forrige sesong.

Adresse:
By: Karmsund



relaterte søk: Hvem drifter ABR-senteret, Karmsund Senter, ABR-senteret flytting, Mona K Vedøy, Avaldsnes Ressurssenter, Avrusning Haugesund, Parbehandling rus, Hagearbeid Haugesund
Kommenter på dette stedet

Legg til dette kortet på nettstedet ditt;



Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler