Valdres Folkedraktsaum er ei lita bedrift som har levert skreddersydde bunader frå hele Valdres til fornøgde kundar siden 1989.
Jentene i Jonshegge
I ein gamal bygning på Valdres Folkemuseum sit to trivelege damer og syr. Grethe Rudi Bråten og Gunhild Nørsterud er kjende for dei fleste – og over det ganske land. I over 20 år har dei sydd tradisjonsrike festklede for herrar og damar.
Valdres Folkedraktsaum vart etablert i 1989, og har sidan den gong halde til i den over 200 år gamle Jonsheggebygningen på Valdres Folkemuseum. Bunadprodusentane er soleis ein viktig del av kulturklynga på museet. Sjølv seier dei at Jonsheggebygningen har den rette stemninga for bunadsying. Ikkje så rart, kanskje, det er gamle tradisjonar dei held seg til. Grethe i fyrste etasje syr klede for kvinner.
Gunhild i andre etasje syr klede for karane.
I Valdres har me mykje gamalt draktmateriale å ta utgangspunkt i. Dette har lagt grunnlaget for rekonstruksjonar av mange av dei bunadane me brukar i Valdres i dag. Karane kan til dømes velje mellom fire forskjellige bunadar, alle rekonstruksjonar av drakter frå 17- og 1800-talet. Det same gjeld kvinnene, som óg kan velje mellom fire ulike drakter, alle frå same periode. Og så er det sjølvsagt mange som vel dei to broderte bunadane, utvikla tidleg på 1900-talet.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler