
Veen gårdscamping er ein idyllisk plassert gard midt i sentralnervesystemet i Bjerkreim kommune. Her driv Anna Olaug og Hallvard Veen gårdsdrift og camping. Med 120 geiter og vel så det, i tillegg til kanskje 120 campingvogner, så er det nok å hegja fingrane i. Som siste tilvekst på svigersongreinå i familien, så har eg blitt godt motteke, og er sjarmert av alt det idylliske ved denne staden. Ein udefinert markedsføringskonsulentstilling har eg etter kvart fått, og er tilfreds med det. Dette er eit markedsføringsstunt som svigerson til svigerfar har fått tildelt. Mr Veen er særs imøtekomande, og brenn for bondeyrket og lokale råvarer. Den dansen er eg på veg inn i, og likar rytmen og takta godt. Denne sida kjem til å verta oppdatert av alskens snadder. Her kan du bestilla både råvarer og overnatting, få innsyn i livets faktiske realiteter, bileteshow og mykje meir. Så ver med i dansen frå dataskjermen og "like" det. Då går du ikkje skuffa ut frå kontoret. God fornøyelse!
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler