Vegen i Vaksdal er namnet på trusopplæringa i kyrkjelydane i Vaksdal. Her vil du få oppdatering om kva som skjer!
Trusopplæringa i kyrkjene i Vaksdal er ein del av Den norske kyrkja si trusopplæring. Me ynskjer å tilby ei systematisk og samanhengande trusopplæring frå 0-18 år. Samstundes skjer den viktigaste trusopplæringa i heimane, så me ynskjer også å inspirera til samtale og refleksjon rundt tru og sentrale bibelforteljingar i heimane.
Vegen i Vaksdal handlar om livs- og trusvegen me går på gjennom livet. Me ynskjer å gje born og unge i Vaksdal innsikt i og del i den kristne kulturarva, og samtidig invtere til refleksjon og samtale, fellesskap og gode opplevingar. I samfunnet idag er det mykje som skjer, mange impulsar å ta inn over seg, i stadig høgare tempo. Det kan vera godt å ha ein stad å koma til der ein blir sett og tatt imot og godteke nett slik ein er. Ein slik stad ynskjer me å vera! I den nye trusopplæringsforma er det bestemt at alle døypte skal ha eit tilbod i kyrkja eller kyrkjeleg regi minst ein gong i året. Dette prøver me så godt me kan å etterfylgja, sjølv om det kan vera krevande å få det til lokalt alle stadar i den langstrekte kommunen vår.
Vaksdal Kyrkjelege Fellesråd er ansvarlege for denne sida og trusopplærar i Vaksdal Kristin Straume Audestad er den som driftar og oppdaterer sida.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler