facebooktwitterpinterest

Anmeldelser, kontaktinformasjon for Vennelaget Lerbrekk skule

Vennelaget Lerbrekk skule

Info

Vennelaget for Lerbrekk skule har ca. 150 medlemmer. Oppstart 1995. Skulen blir bla. brukt til åpen kafe første sundag i månaden utanom mai, aug. og des.

Historie

Historie om Lerbrekk gamle skule.
Det gamle skulehuset på Lerbrekk stod for fall. På ny-året 1995 kom det signal om at huset kunne verta rive. Huset såg på dette tidspunktet stygt ut og var til nedfalls. Den fyrste skulestova vart bygd i 1865. Dette stod åleine til 1896, då vart det bygd på, med lærarbustad i søre enden. Barneflokkane auka i kretsen, og det vart behov for meir plass. Så i 1916 kom det ei skulestove til på nordre enden. Lerbrekk skulekrets omfatta gardane: Hobberstad, Lerbrekk, Nord-Varhaug, Sør Varhaug, Bratland, Reiestad, stasjonen «nedanom linja», Ånestad, Tvihaug, og Djøseland. Frå 1916 vart og Husvegg og Madland med i krinsen .Desse to høyrde først til Stavnheim krins, som då hadde skulestova på Mæland.
Det gamle skulehuset på Lerbrekk er det eldste i kommunen, og det einaste som er att med lærarbudstad. I tillegg til skulen har det og vore søndagsskule her i meir enn 80 år.
I gamle dagar vart det av og til halde herredstyremøte i den gamle skulestova. Og før år 1902, då me fekk Forsamlingshus på stasjonen, var det og halde kristne oppbyggelses-møter på skulehuset. Slike samlingar var mest vanlige i heimane, men dei trong større plass då vekkingstidene strøymde på i slutten på 1800-talet.
I 1995 gjekk nokre personar frå krinsen saman og kalla inn til allmannamøte. 58 personar møtte fram 22. februar, og blei einige om at skulen måtte bevarast. Det vart og framheva stor vilje til dugnad. På dette møtet blei det oppnemnt ei nemnd som skulle ha hovudansvar for alt som skulle fungera. Me måtte bli einige med Hå kommune om finansiering, planlegging og materialval, m.m. Kommunestyret gav godkjenning, og løyvde kr250 000,-
11. mai 1996 starta dugnadsarbeidet for alvor. Det gjekk slag i slag. Gamal kledning vart teken av. Nye vindauge kom på plass. Ny kledning og isolering. Alle takpanner vart tekne ned. Taket vart forbetra, og pannene lagt på plass att. Uthuset vart teke delvis ned, og sett opp att. Og dei gamle utedoa, har og fått «ansiktløfting». 80 personar deltok med dugnadsarbeid berre dette året.
I dag kan me gleda oss over det fine resultatet alt arbeidet har gjeve: Lerbrekk gamle skulehus – i ny drakt.
I dag, 2014, har me eit vennelag med ca. 150 medlemmer som vil stå rundt denne kjære møteplassen.

Adresse: Lerbrekkvegen 2, 4360 Varhaug
By: Varhaug
Rute: Lerbrekkvegen 2
Postnummer: 4360


Nærliggende lignende selskaper
Kultur i Løå Kultur i Løå 1 km Kjempe fint inne og ute.
Varhaug Bygdeungdomslag Varhaug Bygdeungdomslag 2 km Varhaug Bygdeungdomslag er en organisasjon av og for ungdom. Vi er en del av Norges B...
Kom og Dans Varhaug Kom og Dans Varhaug 2 km Størst på dans i Norge !
Ønsketransporten Ønsketransporten 2 km
Geschichte
Ønsketransporten er:
• En frivillig aktivitet som ha...
Kommenter på dette stedet

Veibeskrivelse til Vennelaget Lerbrekk skule med offentlig transport


Lerbrekk 30 meter
SK1908
Brattlend 280 meter
SK1908

Legg til dette kortet på nettstedet ditt;



Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler