Vest-Telemark PPT IKS er ei pedagogisk psykologisk teneste som blir drive som eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Fyresdal, Nissedal, Kviteseid, Seljord, Tokke, Vinje og Telemark Fylkeskommune. Tenesta har kontorstad i Kviteseidbyen.
Vest-Telemark PP-teneste er ei rettleiingsteneste som skal bidra med kompetanse i barnehage, skule og lærebedrifter med tanke på å skape gode og stimulerande utviklings- og opplæringsmiljø gjennom tilpassa og inkluderande opplæringstilbod til barn, elevar, lærlingar og lærekandidatar med særlege behov.
Føresette, barnehagar og skular / opplæringsinstansar kan kontakte PPT når dei er bekymra for utviklinga til barnet/eleven.
Unge over 15 år og vaksne kan sjølv ta initiativ til kontakt med tenesta, men kan også ta kontakt i samarbeid med skule /opplæringsinstans.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler