Her finn du info om kurs og andre nyhende ved Vestnorsk kulturakademi (VKA) på Voss. Kontakt tlf 90183631/SMS/epost: [email protected]. Kontoret er ope tysdag og onsdag - trefftid etter avtale.
VKA er eit regionalt kunnskapssenter for kultur og bygdenæring. Akademiet er utvikla sidan 1993 i eit nært samarbeid mellom lokale eldsjeler, Voss kommune, Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland, Hordaland husflidslag, og universitetet og høgskulen i Bergen.
Bygdene er i omstilling og utvikling. Det krevst kunnskap om regionen og medvit om korleis lokale ressursar og verdiar skal forvaltast og korleis bygdene skal profilerast i framtida.
Mange unge menneskje ynskjer vidare utdanning. VKA gjev eit lokalt tilbod om vidareutdanning og er eit godt alternativ til å flytta eller pendla. Undervisningsinstitusjonar har ei sterk tiltrekkingskraft og bestemmer i stor grad også framtidig bustad, og er difor ein ressurs for lokalmiljøet.
Vestnorsk kulturakademi har lang erfaring med målretta undervisning innanfor tradisjonelle fagfelt som er sentrale for vidareutvikling av bygdene. Målsettingane for akademiet er i samsvar med nasjonale og regionale planar for næringsutvikling og kultur.
kurs og seminarer
"Vestnorsk kulturakademi VKA på Voss har som hovudmål å ta vare på, formidla og vidareutvikla erfaringskunnskapen som ligg i den vestnorske kulturarven. Vi tilbyr etter- og vidareutdanning, og kortare kurs, i ulike handverks- og byggeteknikkar. Kulturakademiet er òg eit regionalt senter for kulturbasert næringsutvikling basert på handlingsboren kunnskap."Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler