Fysioterapiklinikk for deg!
Vigdal Fysioterapi er ein fysioterapiklinikk i Høyanger. Leiger lokala til Kees Gideonse i Storgata 10 fram til minst midten av februar.
Opningstider: Mandag - fredag 08.00-16.00. Her vil det vere mogleg å strekke seg i begge retningar!
Telefon: 57711662 eller 41459314
Innanfor driftstilskotsordninga, som betyr at ein kan få henvisning frå lege for å komme behandling. Ein kan komme utan henvisning òg, men då utanom ordinær opningstid og til andre takstar.
Dette er klinikken for deg dersom du ønskjer:
- Ei grundig, heilskapleg undersøking. Kvar førstegongsundersøking varer inntil 60 minutt. Fokuset ligg på å finne årsaken til plagene dine, noko som inneber at ein som regel må undersøke kroppen og livssituasjonen som heilskap.
- Skreddarsydd, dynamisk behandlingsopplegg. Dette vil vanlegvis bestå i ein kombinasjon av manuell behandling og korrigerande øvingar, samt fysisk trening om dette er hensiktsmessig.
- Einaste fysioterapeut mellom Bergen og Trondheim som er sertifisert i FMS/SFMA. Dette er eit undersøkings- og behandlingssystem som tek utgangspunkt i normal bevegelse, motorisk utvikling og grunnleggande bevegeligheit og stabilitet.
- Intramuskulær stimulering med nåler, for rask endring i spenningsforhold i muskulatur.
- Kinesiotape. Eit supplement til behandlinga, som kan vere med på å forlenge effekten av behandlinga til dagleglivet.
Kom gjerne innom, eller ring for å avtale time! Om du lurer på noko, berre ring eller legg igjen ein kommentar på sida, eg gjer mitt beste for å gi eit godt svar.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler