Vikaskarven, for dei som er interessert i kva som skjer på Vik.
Grendalaget skal representera folket på Vik og ser det som svært viktig å fremja god og verdifull kultur frå vårt område. Laget tek initiativ, er som bladet Vikaskarven meiningsberande og fungerer som pådrivar når bygda vår treng gode tiltak for å betra livskvaliteten til dei som bur her.
Tiltak i nærmiljøet for å få eit godt bumiljø og naustmiljø, ta vare på vår historie og kultur (hus, naust, båtar, språk osb), arrangera fellestiltak som Lucia-tog, Krabbefest, kulturfest o.l.
Vikaskarven er lokalavisa for Vik. Første utgåve av avisa kom 5.april 2001 og inneheld fire sider trykt i svart-kvit. Vik Grendalag er ansvarleg utgjevar for Vikaskarven som kjem ut fire gonger i året, i mars, juni, september og desember.
Den 26.mars 2011 lanserte Vikaskarven si eigen Facebookside.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler