Vinje-senteret skal bli eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk. I 2018 er Vinjesenteret.no hovudsida for 200-årsfeiringa av A.O. Vinje.
"Vinjesenteret er eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk med utgangspunkt i journalistane og diktarane Aasmund Olavsson Vinje, Aslaug Vaa, Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas.Senteret tek utgangspunkt i den skrivne journalistikken i aviser og på nett, men i formidlinga er det også med døme frå radio og fjernsyn. Dette er det første senteret som fortel om journalistikk allment, og det einaste i Norden som tek utgangspunkt i journalistikk.Med dikting legg vi ved dette senteret vekt på dei skjønnlitterære forteljingane, som kjem i mange former og frå mange stader. Dei dikta forteljingane kan forføre, forundre, forandre og forklare. Senteret skal fortelje kva skjønnlitteratur tyder for samfunnet."Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler