Innlegg på denne sida er av Reisemålsselskapet Visit Setesdal.
Me ynskjer at du vil besøke den vakre og innhaldsrike dalen vår.
Velkomen til Setesdal
“Noreg tett på®”
Dalen har århundrelange tradisjonar innan sylvsmedkunst og musikk. Endå eldre er dei vakre minerala du finn i utstillingar og ute i naturen. Musea gir mellom anna innføring i korleis jern vart produsert i vikingtida, om byggjeskikk, målarkunst, drakt og husflidstradisjonar i dalen.
Landskapet varierer frå flate bygder til vilt og vakkert høgfjell, og vegen gjennom dalen går innom små og større tettstader. Rundt kvar ein sving ventar det nye inntrykk som får deg til å stoppe opp og nyte naturen og det fredelege miljøet. Vel mellom rolege dagar med badeliv, eller aktive dagar med rafting i fossande elvestryk. Nyt det flotte turterrenget, eller
oppsøk dei mange attraksjonane i dalen. Naturen er fantastisk, og vi har han til låns for komande generasjonar. Far difor fint fram i naturen og ha fine dagar i Setesdal!
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler