Voll Ysteri er det fyrste ysteriet i Norge som blei godkjend for upasturisert ost. Me lagar Jærosten.
Me har og kurs/konferanse/selskaps-lokalar
På slutten av 1870 åra gjekk Johan og Ingeborg Sørbø i spissen for å starta det fyrste heilårs samvirkemeieriet på Jæren. Det var i kjellaren på heimehuset i Vasshus. Dette vart i 1901 vidareført, då sju sambygdingar tok ansvaret og risikoen med å reisa Voll Ysteri. Dette var Rasmus Hole, Johan Sørbø, Tolleiv Vasshus, Ivar Voll, Olaus Voll, Peder Voll og Hans Voll. Sistnevnte gav fri grunn til det fyrste bygget, og det er det bygget som står igjen idag.
Ysteriet sveiv like til 1962, då det vart slege saman med Høyland Meieri og flytta til nybygget der Tine meieriet Sør held til idag.
Då ysteriet starta opp i 1901 hadde dei hjelp av to sveitsere som lærte ifrå seg Emmentalysting (sveitserost). Voll Ysteri ekspoterte sveitserost til California før fyrste verdenskrig.
Då eg starta opp ysteriet igjen 100 år etter oppstart, var det naturleg å gå tilbake til Sveits og henta ein ostetype som ikkje vart produsert i Norge. Jærosten hører til ostegruppa Raclette, som har sine røter i Wallisdalen i sørvest Sveits.
Jærosten er ein handverksost, laga av nysilt rå melk ( upasteurisert). Melka går direkte frå spene til ystekar, vert tilsett melkesyrebakterier frå Alpene og Svensk kalveløype. Så fylgjer skjæring, forrøring, laktosetynning, varming, etterrøring, forming, pressin, salting og til sist modning på granplank.
Ystekaret er av kopar. Det gjev god fordeling av varmen under oppvarminga. Kopar-ionane har stor verdi for gjæringa av osten. Dei fremjar på positivt vis melkesyre- og propionsyregjæringa, proteinnedbrytinga og enzymkvaliteten.Ostesmaken vert mildare og betre med meir aroma. Kopar er viktig for vekst og motstandskraft, og den stimulerer hemoglobinproduksjonen.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler