Voss Filmklubb sitt føremål er å fremja interessa for film som kunstuttrykk og som opplysnings- og underhaldningsmedium.
§1 Voss Filmklubb sitt føremål er å:
fremja interessa for film som kunstuttrykk og som opplysnings- og underhaldningsmedium.
bruke film som eit historisk og kulturhistorisk hjelpemiddel.
fremja filmkunnskap, vurdering og forståing av film og filmen sin rolle i samfunnet.
Klubben ynskjer å visa kvalitetsfilm, gjerne i samband med foredrag, diskusjonar og andre kulturarrangement.
§2 Voss filmklubb viser film for eigne medlemmer. Arrangement saman med andre organisasjoner er mogeleg. M.a er det aktuelt å samarbeide med Voss Kulturhus om bruk av visningsrom, teknisk utstyr, o.l.
§3 Medlemskontigenten vert fastsett av styret. Medlemskortet er strengt personleg.
§4 Årsmøte vert halde innan utgangen av juni, med innkalling seinast 14 dagar før. Årsmåtet skal handsama melding frå styret, budsjett, revidert rekneskap, val av styre og revisor, og eventuelle framlegg.
§5 Styret har 5 medlemmer og 1 varamedelem. Styret er vedtaksført når minst 4 medlemmer er til stades. Leiar har dobbeltstemme til bruk ved evt. stemmeliksap.
§6 Voss filmklubb er ein ideell organisasjon og har ikkje næring som foremål. Klubben sine midlar og eventuelle overskot kan berre nyttast i samsvar med føremålet (sjå §2). Styremedlemmer i klubben arbeider vederlagsfritt.
§7 Framlegg til vedtektsendring må fremjast skriftleg til styret, seinast 4 veker før årsmøtet. Slikt framlegg vert godkjent dersom 2/3 av frammøtte medlemmer er samde om det på årsmøtet.
§8 Filmklubben kan berre oppløysast av årsmøtet hvis minst 2/3 av frammøtte medlemmer stemmer for det, og dagsorden er kunngjort på førehand. I tilefelle oppløysing skal eventuelle pengemidlar og eigendelar overførast til Norsk filmklubbforbund.
Styret 2015:
Johannes Brattebø (leiar)
Eli Wenche Lund-Johansen (skrivar)
Siri Rokne
Siri Persen
Øyvind Helleland
Thomas Myklebust
Voss Filmklubb sitt føremål er å:
fremja interessa for film som kunstuttrykk og som opplysnings- og underhaldningsmedium.
bruke film som eit historisk og kulturhistorisk hjelpemiddel.
fremja filmkunnskap, vurdering og forståing av film og filmen sin rolle i samfunnet.
Klubben ynskjer å visa kvalitetsfilm, gjerne i samband med foredrag, diskusjonar og andre kulturarrangement.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler