Øyfjell bygdemuseum ligg i Vinje, Vest-Telemark, og består av eit flott museumsbygg i granitt og eit idyllisk gardstun frå tidleg 1900-tal.
Øyfjell Bygdemuseum held ope frå slutten av juni til starten av august kvart år, tysdag til sundag. Omvisaren kan syne fram rike samlingar av både gjenstandar, tekstilar og bilete i museet, i tillegg til eit flott gardstun frå tidleg 1900-tal, der låven også har utstilling om arbeidshesten. Det er Vest-Telemark Museum som står for vedlikehald og den daglege drifta i sesongen.
Bygdemuseet i Øyfjell er organisert som ei stifting med eit kommunalt valt styre. I 2016-19 er styret for stiftinga sett saman av Åshild Emma Solbjør (leiar), Sigmund Lid (nestleiar), Arne Martin Solbjør (styremedlem) og Karin Drivarbekk (styremedlem frå Støttelaget). Styret forvaltar museets midlar og planlegg og gjennomfører ulike prosjekt for å utvikle museet vidare. Det siste prosjektet som har kome i havn er restaureringa av kvennhuset nede i åi, som no fungerer og har blitt male mjøl i ved fleire høve.
I tillegg har Øyfjell bygdemuseum eit støttelag. Dei vaskar, ryddar og plantar på tunet før sesongstart og står for ulike arrangement gjennom året, mellom anna Øyfjelldagen siste sundag i juni, messesundag fyrste sundag i august og torgdag laurdagen før Dyrsku'n. Dei har også organisert utstillingar og gjeve ut lokalhistoriske hefte. Med i Støttelaget i 2016 er Karin Drivarbekk (leiar), Gudny Unhjem (kasserar), Sigrunn Volhovd, Jorunn Rorge, Åshild Emma Solbjør og Tarjei Førstøyl.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler