Lyst til å prøvebu Øyfjell? Kan me friste med opphald i vår heilt eigen prøvebustad?
La deg forføre av vakre Øyfjell og få smaken av ei mogleg framtid!
Kan me friste med opphald i vår heilt eigen prøvebustad?
Rør sammen ei lita bygd som gjerne vil bli større, med eit overskot av idèar og ei handfull engasjerte stå-på menneske. Spe så på med fire anerkjende, ambisiøse arkitektar og eit rykte om at det er fleire som har latt seg sjarmere av bygda vår. Tilset så ein velvillig kommune, kortreiste materialar og eit knippe dyktige handverkarar. Kva ein får? Ein heilt eigen, feiande flott prøvebustad!
Målet med prøvebustaden i Øyfjell er å tilby ein sjanse til å prøvebu bygda vår i inntil tre år. Vinje kommune eig bygget, og leiger det ut for kr. 7.000,- i månaden. For dette får ein eit moderne bygg med god plassutnytting. Ein fyrsteetasje som rommar tre soverom, ei topphaldsrom, teknisk rom og bad. Ein andreetasje som byr på stoge, kjøken, spiskammers/bod, eit bad – og ein utsikt ikkje så mange andre kan skilte med! I tillegg høyrer det eit garasjebygg med stor bod og anneks til bustaden.
Prøvebustaden ligg i gangavstand til butikk, grendehus, skule og barnehage. Like utanfor døra lokkar skogen med fint turterreng, blåbærlyng og flotte skiløyper vinterstid. Fjellbygda vår ligg på ca. 700 m.o.h., i Vinje kommune i Vest-Telemark, med bygdene Rauland, Åmot og Høydalsmo som næraste naboar.
Øyfjell er ei sosial og aktiv bygd, som gjerne ynskjer små og store velkomen! Sjå gjerne innom heimesida vår (www.oyfjell.no) og finn Øyfjell på facebook.
Om de har spørsmål eller er interesserte i å få vite meir, kontakt oss på mail: [email protected]
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler