facebooktwitterpinterest

Anmeldelser, kontaktinformasjon for Yrkje og Lindanger Bygdalag

Yrkje og Lindanger Bygdalag

Info

Yrkje- og Lindanger bygdalag

Historie

Yrkje- og Lindanger Bygdalag har som formål å være et samlende organ for bygdene Yrkje og Lindanger og arbeide for generell bygdeutvikling. Laget vil jobbe for å styrke bosetning og trivsel, og fokusere på samhold og mellom bygdene.

Yrkje er ei bygd ved riksvei 515 og Yrkjefjorden i Tysvær kommune. Bygda har ca. 115 innbyggere i det som tidligere var Yrkje skolekrets som innbefatter Yrkje, Lindanger og Stølsvik. Yrkje lå før kommunesammenslåingen i 1964 i tidligere Søre Skjold kommune.

Historie og virksomheter [rediger]

Yrkje er rikt på fornminner og flintstein.

Tidligste omskrevne bosetning er fra ca. 1500 e.kr., men det er funnet flintredskaper som tyder på langt tidligere bosetning. Folk rundt fjorden har i alle tider basert livsoppholdet på fiske, jakt og jordbruk. På 1600-tallet var tømmerhandel med skottene en viktig inntektskilde, herav navnet "Skåtavik", «Skottevik». Yrkje fikk elektrisk strøm i 1957 og asfaltert veiforbindelse til Haugesund rundt midten av 1970-tallet.

Tidligere var det også anløp av rutegående båt fra Stavanger, butikk, skole, bakeri og postkontor i Yrkje, postadressen var dengang 5565 Yrkje. Idag tilhører Yrkje postnummer 5567 og poststedet er Skjoldastraumen.

I 1986 begynte Aker og Norwegian Contractors (NC) utbygging av bofasiliteter til arbeidere ved Troll, Draugen og Gullfaks C plattformene som også er bygget i Yrkjefjorden. Dette anlegget innbefattet 54 mål, nå i 2008 er det nesten ingen spor etter anlegget på grunn av skogvokst

Nå er det fiskeoppdrett, fiskemottak og fiskerøkeri igjen i bygda.

De fleste eldre hus er nå blitt hytter, og man ser en markant minking i antall innbyggere som følge av kommunens sentraliseringspolitikk. I 2008 fikk bygda fibertilkobling til internett.

På Lindanger er det gjort funn som vitnar om at her har fare folk i dei tidlegaste tider. Steinaldersmenneske har lagt ifrå seg fleire gjenstandar på det som seinare blei garden Lindanger. Her er mellom anna funne fleire øksar, ein meisel av stein og ein dolk av flint. Gardsnamnet fortel at garden låg ved ein fjord eller "angr", i eit område der det varmekjære treslaget lind treivst godt. Fjordarmen som namnet på garden refererer seg til, har landhevinga i dag lagt igjen som ei lita tjørn - Lindangertjørna, ikkje meir enn omlag 20 meter frå Lindangervika og Hervik-fjorden. Det har hendt i nyare tid at sjøen på høgaste flo har kome inn i denne tjørna. Landskapet kring den gamle "angr'en" er forma som eit dalsøkk eller ei "kvelva" - eit slag bogeforma landskap med fine flatar ned mot den noverande tjørna, men med bratt, kupert og skrånande terreng i utkantane av innmarka. Lindanger, eller Lindong som det blir sagt i daglegtalen, ligg plassert ikring tre kilometer sør for Skjoldastraumen, på austre sida av Skjoldafjorden. Gardsbruka her "ligg spreidde med utmark imellom. Dei gamle tuna ligg 10- 20 meter over havet. Største parten av den gamle garden si innmark ligg i dalsøkket eller kvelva mellom fjorden og hovudvegen Haugesund - Nedstrand."

Lindanger kan reknast som den beste jordbruksgarden i krinsen sin. I sør grensar han til Yrkje, Austerli og Nordre Kreppene. Saman utgjer desse gardane, saman med dei to andre Kreppene-gardane, Yrkje-krinsen. Nordover strekkjer Lindanger seg mot gardane kring Skjoldastraumen. Nabogardar her er Hesthammar, Østenstad og Håland. I aust, mot fjellet, grensar Lindanger til Vats.

Det vil vera uråd å kunna fastslå sikkert om det er Yrkje eller Lindanger som er eldst av dei to viktigaste gardane i denne krinsen. Det usamansette Yrkje-namnet kan det i første venda falla lett å tru må vera den opphavlege garden her - sentralgarden i Yrkje-krinsen. Dei to gardane ligg like fullt så pass langt frå einannan og med orientering mot kvar sin fjord at dei kan ha vakse fram temmeleg sjølvstendig. Sjølv om dei svært gode fiskeriforholda ved Yrkjefjorden og Yrkjevågen gjerne tilseier eldst busetnad der, kan dei langt betre vilkåra for jordbruk på Lindanger ha utlikna fordelen fisket gav Yrkje-garden. Men dette kan ha vore ei utvikling som gjekk over noko tid, i tråd med overgangen frå fangst og fiske til jordbruk, gardsrydding og fastare busetnad.

Eit moment som tilseier høg alder og kanskje eldre busetnad på Lindanger enn Yrkje, er det faktum at etter Svartedauden strekte Lindanger-garden langs Skjoldafjorden heilt sør til garden Sandvik og grensa med Nedstrand. Før Svartedauden kan det tenkjast at der har vore ein eigen gard i Kreppene-området. Denne moglege Kreppene-garden frå høgmellomalderen treng likevel ikkje vera utskild frå Lindanger. Området her låg i eit grenseområde, som til dømes gav seg utslag i at garden Yrkje høyrde til Vats skipreide, Lindanger-garden til Leiranger skipreide. Og ikring 1520 er gardbrukarar på Lindanger dels oppførde i Vats, dels i Leiranger skipreide

Det er på det reine at både Lindanger og Yrkje går tilbake til dei første hundreåra etter Kristus, tida for etableringa av den tidlegaste gardsbusetnaden. I 1299 heitte bonden på Lindanger Gunnar. Han er det første mennesket me kjenner namnet på i det området som frå gamalt utgjer Skjold. På den tid låg biskop Arne i strid med kapitelbrørne sine, kannikane. Konkret dreidde det seg for Gunnar sin part om tjuveri av noko ved frå domkapitlet i Stavanger. "Gunnar á Lindangre" har det vore rekna med gjerne var lågadelsmann. Dermed kan det tenkjast at Lindanger-garden var adelsgods i mellomalderen. Dei lågadelege Koll-folka kom tidleg til å spela ei rolle her, gjennom den markante jordegodssamlaren Holger Koll Olson, som budde der frå ikring 1600 og utetter. Dette kom mellom anna til uttrykk ved at han ikkje gjekk av vegen for å gje seg i "Slagsmaall" med "Her Gunder paa Schiolldt", sjølvaste soknepresten! Dette skjedde ikring 1616 og Holger måtte då bøta for dette. (fra Bygdebøkene for Tysvær)



Vår oppgave

Utleie av forsamlingshus

Produkter

Utleie av lokaler/ forsamlingshus
Arrangement

Adresse: Lindanger, 5567 Skjoldastraumen, Rogaland, Norway
Telefonnummer: 52779426
moc.liamtoh@senekreodirfle
By: Skjoldastraumen
Rute: Lindanger
Postnummer: 5567


Kommenter på dette stedet

Veibeskrivelse til Yrkje og Lindanger Bygdalag med offentlig transport


Yrkje 180 meter
246
SK4620

Legg til dette kortet på nettstedet ditt;



Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler