Bunadtilvirker Astrid Engebø Hammeren hos Zignatursting monterer og syr om bunader og rekonstruerte folkedrakter til barn, dame og herre.
Bunaden seier noko om kor du kjem frå, kanskje òg litt om kven du er. Frå 1500-/1600 –talet og framover til rundt 1850 var folkedraktene i Noreg i utvikling og daglig bruk.
Dei fekk sitt lokale særpreg, men vart òg påverka av moteplagg frå ulike stilepoker. Draktene skulle fungere optimalt både til kvardag og fest. Det er som oftest festplagga som har vorte tekne vare på og danna grunnlaget for rekonstruksjon og inspirasjonskjelder.
Å få ta del i denne kunnskapen, å få utforme desse vakre plagga med hendene er ei stor glede for meg! Ein bunad er ikkje berre sett sammen av stoffbitar. Den representerar kanskje fleire hundre års utvikling av identitet og kvalitet. Som kunde hos meg kan du i tillegg til eit kvalitetsprodukt få kjennskap til historia bak bunaden din.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler