Furustien 4 6900 Florø
Furuhaugane barnehage er ein fleirkulturell barnehage der barn, foreldre og personalet representerer 23 ulike nasjonar. 50% av barna i barnehagen har ein eller begge foreldra frå eit anna land enn Norge. I barnehagen vår har vi eit særskild fokus på tilknyting, språk, og sosial kompetanse. Vi skal sikre alle barn eit trygt miljø og skåne dei for både fysisk og psykisk skade. Som vaksne skal vi ta vare på barna og skape eit inkluderande miljø der barna ikkje skal oppleve å bli krenka eller krenkje andre. Vi skal fremje positive handlingar, og å arbeide for at negative samhandlingsmønster ikkje får utvikle eller feste seg.
Vi har flagg frå alle våre nasjonar. Dei brukar vi m.a. når barna har fødselsdag, då heng vi ut flagget/flagga som barna har tilknyting til. Siste onsdag i månaden har vi felles bursdagsfeiring for barn og vaksne som fyller år den månaden, då heng vi og ut flagga som barn/vaksne har tilknyting til.
På FN-dagen 24.oktober, den internasjonale morsmålsdagen 21.februar, den nasjonale barnehagedagen 18.mars og sommarfesten i barnehagen 12.juni heng vi ut alle våre 20 flagg (inkl. Sameflagget).
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler