
Hamna dagsenter er eit interkommunalt tilpassa dagtilbod for vaksne menneske med utviklingshemming, heimehøyrande i Ørsta og Volda kommune.
"Arbeid og samspel"
Hamna dagsenter, skipa som eit interkommunalt tiltak i 1991, er eit dagtilbod til vaksne utviklingshemma heimehøyrande i Ørsta og Volda. Vi tilbyr arbeid, opplæring og habilitering i eit aktivt tilvære i samvær med andre. Tilbodet er tilpassa den einskilde brukar og det vert lagt stor vekt på samspel. Å utvikle evne til deltaking, individuell meistring og god fysisk funksjonsevne står sentralt i arbeidet vårt.
Hamna dagsenter tek også i mot arbeidsoppdrag frå næringslivet, for det meste pakke- og monteringsoppdrag. Vi har i tillegg noko eigenproduksjon av handverksprodukt, til dømes stearinlys, golvteppe, tennbrikke, ved og silkemalingsprodukt.
Volda Røde Kors
867 meter
Hjelpsome folk som er der og ønsker det beste for folk. Bruker sin fritid til å hjelp...
Volda Røde Kors Ungdom
867 meter
For deg mellom 13 og 30 som ynskjer å gjere ein forskjell i verda. Aktivitetar innan ...Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler