Hotell Bondeheimen er eit av dei mest besøkte hotella i Oslo, og gjester kjem gjerne tilbake. Her bur du på eit hotell midt i Oslo sentrum til gode prisar.
Hotell Bondeheimen er eit av dei mest besøkte hotella i Oslo med gjester som gjerne kjem tilbake. Hos oss bur du på eit hotell midt i Oslo, i hotellrom med god standard og til fornuftige prisar. Hotellet skil seg ut med sin norske eigenart og si stolte historie.
Hotellet i Oslo ligg i det mest sentrale sentrumsområdet med butikkar, restaurantar, teater, Karl Johans gate og Slottet rett rundt hjørnet. Du finn også mange andre attraksjonar i gangavstand, som Aker Brygge, Stortinget, Oslo City og Oslo Spektrum. Du kjem deg enkelt til og frå Oslo Airport Gardermoen med flybussen som stoppar rett utanfor hotellet eller med flytoget frå Nationaltheatret stasjon, som ligg ca 5 min unna. Alle typar kollektivtrafikk Oslo tilbyr finnast innanfor gangavstand frå hotellet.
Hotell Bondeheimen har 127 velutstyrte hotellrom. Dei fleste er nyoppussa med nye møbel og flott design. I tillegg til standard hotellrom, tilbyr vi familierom og deluxe rom for deg som ønskjer det vesle ekstra når du besøkjer Oslo. Hotellet er også ein favoritt blant forretningsreisande.
Skal du halde ein konferanse i Oslo, har Hotell Bondeheimen møtelokale i forskjellige storleikar med ein kapasitet på opptil 150 personar.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler