Lom bygdamuseum ligg i idylliske Presthaugen i Lom. Museet er ei avdeling av Gudbrandsdalsmusea.
Trivsel, avkopling, natur og kultur - alt i Lom sentrum. Kom å sjå våre 22 verneverdige hus frå 16-, 17- og 1800-talet. Storstabburet er blant Noregs største, og eldste stabbur. Her har vi utstillinga "vatn og korn". Gratis inngang på heile museet.
I sommarsesongen: Omvisingar kvar torsdag, fredag, laurdag og sundag kl. 12 og 14. 30 kr for vaksen, gratis for barn t.o.m. 12 år. Kontant betaling. Oppmøte på tunet. Tema kl 12: Garden, husmannsplassen og setra - ei runde på det tre tuna. Tema kl. 14: Vatningsvandring - ei vandring langs vassvegen, med formidling av vatningskulturen i Lom. Kvar onsdag er det aktivitetar for store og små. Desse blir annonsert her på sida.
Korleis finn du oss? Du går opp forbi Norsk Fjellsenter, forbi Storstabburet, og så inngangen til venstre. Det tek ca 2 minutt å gå frå Fjellsenteret, 4 minutt frå sentrum. Parkering i sentrum, ved Lom stavkyrkje eller ved Fjellsenteret. Begrensa plass ved inngangen.
Velkomen!
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler