facebooktwitterpinterest

Anmeldelser, kontaktinformasjon for Smaksfestivalen Godt i Gapet

Smaksfestivalen Godt i Gapet

Info

God mat, god drikke, god stemning og gode opplevingar. Under Smaksfestivalen skal freistingane komme som perler på ei snor.

Historie

PROGRAM LAURDAG 23. AUGUST

Frå 10.00: Matbodene i Strandgata opnar for sal og smaksprøver.
12.00-13.30: Kokkekamp i festivalteltet i Torggata.
14.00-19.00: Ølfestival med over 50 sortar øl i festivalteltet.
19.00-23.00: Bespisning hos Lille Marked, Aroma Cafè, Hjørnevikbua, Restaurant Bryggekanten og Blomsterhagen.
23.00-02.00: Konsert med Twang Gang i festivalteltet.


Pressemelding:

Lørdag 23. August går den første utgåva av ”Smaksfestivalen Godt i Gapet” av stabelen i Florø. Freistingane skal komme som perler på ei snor – mat, drikke, god stemning og gode opplevingar. Vi skal servere smaken av Sogn & Fjordane, smaken av kysten og smaken av det gode liv. Som kanskje den viktigste delen av festivalen har vi med oss dei etterkvart så kjende mikrobryggeria. Kinn Bryggeri har invitert eit knippe av dei aller beste til Florø og dei vil ha sin eigen lille lokalølfestival i smaksfestivalen.

Lokalølfestival
“Då vi skjøna at vi hadde eit knippe av dei beste handverksbryggeria i landet rundt oss, måtte vi berre lage til ein lokalølfestival” seier Espen Lothe, bryggerimeister ved Kinn Bryggeri. Mykje av grunnen til at vi gjer dette er at vi vil vise den store breidda og entusiasmen blant handverksbryggeria. Og når fleire av dei leiande bryggeria er lokalisert langs vestlandsfjordane, var det naturleg å samlast i Florø. Dette blir ein liten og intim ølfestival der du vil treffe bryggjarane og eigarane av bryggeria.

40-50 ulike øl å velge mellom
Systemet blir slik som normen etter kvart har blitt på ølfestivaler: Du kjøper deg eit smaksglas og sjetongar som du bytter inn mot smaksprøver på 15 cl. Øllista vil ikkje bli publisert før ved festivalstart, men det vil bli minst 40-50 ulike øl å velje mellom. Nokre øl er velkjende, andre er særeigne spesialitetar som det er vanskeleg å få tak i. Uansett vil det være øl for ein kvar smak.

Bryggeria som blir med på festivalen er:
Kinn Bryggeri frå Florø, Voss Bryggeri, Ægir Bryggeri frå Flåm, Trollbryggeriet frå Liabygda, 7 Fjell Bryggeri frå Bergen og Balder Brygg frå Hermansverk.

Lokal mat
På ein smaksfestival handlar det sjølvsagt ikkje berre om drikke men også om god mat. Gjennom heile Strandgata vil de finne boder med lokale matprodusenter som byr på både smaksprøver og salgsvarar. Her vil du mellom anna møte Kandal kjøtt, Håjen Lefsebakeri, Fjordane Gardspresseri, Lomelde fruktgard, Kystvilt, Svanøy Røykeri, Breim gardsmat, Alm gardsmat, Elvebakken ysteri og Veitasrond ost.

Underhaldning og eksklusive menyar hos byens spisestader
Det vert underhaldning både på dagtid og kveldstid og byens spisestader byr på eksklusive menyar ein vanligvis ikkje finn i Florø. Frå morgon til kveld skal Smaksfestivalen sette sitt preg på byen og det blir garantert underhaldande for heile familien.

For ytfyllande informasjon:
Roger Bareksten
Smaksfestivalssjef
Tlf: 95366371
Mail: [email protected]

Adresse: Strandgata 34, 6900 Florø
Telefonnummer: 40402905
By: Florø
Rute: Strandgata 34
Postnummer: 6900


Nærliggende lignende selskaper
Sildebordet i Florø Sildebordet i Florø 54 meter I juni vert verdas lengste sildebord arrangert i Florø! Då dekker vi omlag 350 meter ...
Temposeminaret Temposeminaret 301 meter Temposeminaret 2018. Fredag 2. november i Flora samfunnshus, Florø.
Samlingsheimen Storebru Samlingsheimen Storebru 27 km Storebru 6940 Eikefjord
Kommenter på dette stedet

Legg til dette kortet på nettstedet ditt;



Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler