Temposeminaret 2018. Fredag 2. november i Flora samfunnshus, Florø.
Temposeminaret er det største inspirasjonsseminaret for næringslivet i Sogn og Fjordane, og har opparbeidd eit ry som eit av dei beste inspirasjonsseminara i landet – det viser både tilbakemeldingar frå publikum og frå profilerte føredragshaldarar.
Info om føredragshaldarar og påmeldingsskjema m.m. finn du på http://temposeminaret.no
Kring 400 deltek på Temposeminaret kvart år. Temposeminaret er ein glimrande arena for relasjonsbygging og bedriftsinterne tiltak som teambuilding, styremøter, jubileumsferingar med meir.
Det overordna temaet for Temposeminaret er:
”Suksessfaktorar i livet – og næringslivet”
Temposeminaret handlar om vekst, utvikling, suksess, framtid, marknadsføring, kreativitet, hardt arbeid, erfaring, motivasjon… kort sagt; suksessfaktorar i livet – og næringslivet. Finst det ei ”oppskrift” på kven som klarar seg best? Kva ingrediensar må til i denne oppskrifta? Det er dette våre føredragshaldarar delar med oss på Temposeminaret.
Festkvelden, Tempobanketten, er også populær med god mat og prat med kjente og ukjente - og underhaldning. Kvart år blir også den prestisjefylte og fylkesdekkande næringslivsprisen, Årets Gründerpris, delt ut av vår generalsponsor, Sparebanken Sogn og Fjordane i samarbeid med Innovasjon Norge. Info om den finn du på http://framtidsfylket.no
<
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler