Sylvsmidja - Norges største tilverkar av bunadsølv - Blenkjande handverk frå Voss
Ei verksemd som tek vare på kulturarva
I over 75 år har me perfeksjonert handverket og måten me lagar bunadsølvet som skal vara i generasjonar. Sylvsmidja er tufta på lange handverkstradisjonar, og dei dyktige sølv- og gullsmedane våre har lang erfaring og brei kunnskap om bunadsølv. Du kan difor vera trygg på at bunadsølvet vårt er av beste kvalitet med livstidsgaranti mot produksjonsfeil.
I dag består Sylvsmidja på Voss av 65 tilsette og er Norges leiande tilverkar av bunadsølv. Kvar dag lagar me sølv til alle landsdelar og har om lag 2500 ulike varer, sett saman av i alt 8500 einskilde delar.
Det blenkjande bunadsølvet frå Sylvsmidja skal syna at me er ein stolt berar av norske tradisjonar.
Bunadsølv til heile landet
Festbordsølv
17. mai-sløyfer
Dåpsgåver
Spor smykkekolleksjon
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler