facebooktwitterpinterest

Anmeldelser, kontaktinformasjon for Kvemmadokkje Husmannsplass

Kvemmadokkje Husmannsplass

Info

Kvemmadokkje Husmannsplass

Historie

Kvemmadokkje er ein husmannsplass på garden Børsheim i Ulvik. Den ligg ca. 200 m vest for hovudtunet.

Første husmannen kom frå Kvam, kvemming. Plasset ligg i eit dokk, eit søkk. Derav namnet Kvemmadokkje. Ein husmann var ein som leigde jord hjå ein gardbrukar. Første husmannen Johannes Arnesson Ålvik kom frå Kvam og festa plasset i 1823. Gunnar Børsheim frå Bergo overtok plasset i 1869. Han gifte seg med Ingebjørg frå Bagne.Dei fekk 12 born. I 1880-åra bygde dei på husa slik dei står i dag. Yngste dottera Gurid som var utdanna skreddar i Bergen busette seg på plasset i 1920-åra for å stella foreldra. Dei døydde kring 1930. I 1935 vart plasset nedlagt og overteke av hovudbruket. Gurid som var ugift fekk rett til å bu der i si levetid. Ho budde der til 1967 og døydde i 1971. Då overtok hovudbruket husa. I 1970-åra vart det gjort noko vedlikehaldsarbeid på plasset, m.a. vart det lagt platetak på stovehuset.

Kring år 2000 var det tid for ei større utvendig restaurering av plasset. Grunnarbeid, oppattmuring av gråsteinsmurane, ny kledning og nytt rastatak på stovehuset. Arbeidet vart støtta med kulturvernmidlar frå Ulvik herad og kulturlandskapsmidlar frå Fylkesmannen i Hordaland. Innvendig er husa slik dei var då husmannsfolket budde der. Me ynskjer at plasset skal fortelja litt om korleis husmannsfolket hadde det.
Seinare har vatn og avløp med nytt kjøken og sanitæranlegg gjort det mogeleg å nytta plasset betre til tilskipingar m.m. Der er også høve til overnatting.
Husmannsplassen vert årleg nytta til større konsertar og framsyningar. Siste året er det også kome til eit grindbygg som både kan vera selskapslokale, møterom og scene for kulturaktivitet.


Toril Lunde Børsheim
Johan Børsheim

Adresse: Byrsevegen 100, 5730 Ulvik I Hardanger, Hordaland, Norway
Telefonnummer: 91587738
on.ejkkodammevk@tsop
By: Ulvik i Hardanger
Rute: Byrsevegen 100
Postnummer: 5730


Nærliggende lignende selskaper
Fruktgard og heimen til Olav H. Hauge Fruktgard og heimen til Olav H. Hauge 2 km Slektsgard som også var heimstaden til lyrikaren Olav H. Hauge.
Puente de Hardanger Puente de Hardanger 10 km Flott bru med fantastiske tilførselveier
Hardangerbron Hardangerbron 10 km Dyr passering, men flott bru og tilførselveier
Hardangerbrua Hardangerbrua 10 km Dyr passering, men flott bru og tilførselveier
Anmeldelser
Fantastisk musikkoppleving i nydelege omgjevnader, med hyggeleg vertskap og god mat og drykk
Fantastisk utsikt
Oversatt av Google Fantastisk utsikt og hyggelige verter! Original Awesome view and Nice hosts!
Oversatt av Google God Original Good
Kommenter på dette stedet

Legg til dette kortet på nettstedet ditt;



Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler