Eit spanande nasjonalt industriminne som fortel deg om vår nære industrihistorie. Museet held til i Salhus Tricotagefabrik (1859-1989) sine lokale.
Salhus Tricotagefabrik (1859 -1989) er i dag eit av dei 13 nasjonale industriminna som Riksantikvaren prioriterer. Norsk Trikotasjemuseum opna i fabrikklokala i 2001.
Bli med på guida turar i strikkefabrikken. Omvising kvar heile time. Høyr om produksjonen mens me demonstrerer maskiner. Sjå filmen Det var ein gong ein fabrikk. Filmen varar i 25 minutt. Ei omvising i Salhus Tricotagefabrik tek mellom 30 og 45 minutt. Det er kun tilgang til fabrikken med guide. Vi har skiftande utstillingar i galleriet, museumsbutikk, aktivitetar for barn og kafé med heimelaga rundstykke, kaker og vaflar.
Norsk Trikotasjemuseum er eit av musea i Museumssenteret i Hordaland. https://www.facebook.com/pages/Museumssenteret-i-Hordaland/148336378547085?fref=ts
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler